Sommarskulen-logo SommarskulenSeljord 2026
☀️ Fire veker med moro · 1.–10. klasse

Sommar­skulen 2026 i Seljord

Aktivitetar, utflukter og venner heile sommaren — frå dyredag og klatrepark til boblefotball, fisking og radiostyrt moro. Sjå kva som skjer kvar dag, og meld på borna på minuttet.

4 veker
👫 500+ påmelde i fjor
📍 Heile Seljord
🌿 Sommarskulen 2026
Program

Veke-kalender

Trykk på ein dag for å sjå heile plakaten med tid, oppmøte, alder og talet på plassar. Programmet kan bli justert — følg med her.

Meld på ➜

Veke 26

22.–26. juni

Veke 27

29. juni–3. juli
Påmelding

Meld på barnet ditt

Fyll ut skjemaet under. Du får kvittering på e-post med ein gong påmeldinga er registrert.

Om oss

Ein sommar full av meistring

🎨
Kunst & kultur

Teikning, måling og skapande aktivitetar på Eventyrøy og Flatdal.

⛰️
Friluft & idrett

Klatrepark, boblefotball, turdag og fisking i flott Telemark-natur.

🐴
Dyr & motor

Dyredag på Bjørge og radiostyrt moro med pizza på Mjølkerampa.

Reglar

Reglar for Sommarskulen 2026

Praktisk informasjon for elevar og føresette. Endringar og tillegg kan kome etter behov undervegs.

  1. Dagane startar klokka 11:00 og varer til klokka 14:00 (enkelte aktivitetar kan ha avvik frå dette).
  2. Vi har felles rutinar for registrering av elevar ved levering og henting.
  3. Elevane må ha med klede etter vêrforholda.
  4. Fråvær/sjukdom vert meldt direkte til aktivitetsleiar.
  5. Elevane bør ha med seg matpakke og gjerne drikkeflaske.
  6. Elevar med særskilte behov må det meldast frå om på førehand.
  7. Påmelding føregår gjennom app/nettside eller ved kontakt med ein av aktivitetsleiarane på telefon: 480 99 539.
  8. Viss ungane ved gjentekne gonger er i konfliktar som ikkje er handterbare, vert føresette kontakta.
  9. Aktivitetar kan variere frå 1 time til fleire veker. Du melder deg på aktiviteten som heilskap, men treng ikkje vere med alle dagane om aktiviteten varer over fleire økter.
  10. Ein elev sitt alderstrinn er det ein har gått i i år. (Har du gått i 7. klasse, så er du framleis i 7. i sommar.)
  11. Foreldre kan brukast som hjelp, om det er naudsynt i aktiviteten og dei vel å vere til stades.

📞 Påmelding/kontakt: 480 99 539 · Sist oppdatert 02.06.2026