Stillingar på Sommarskulen 2023

Me er på jakt etter ansvarsfulle  og motiverte, lokale ungdomar mellom 18-25 år, som kan jobbe  med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i  Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren.

 
Me ynskjer 4 ungdommar dei fyrste 2 vekene etter skuleslutt, og 4 ungdommar dei siste 2 vekene før skulestart.
 
Du vil aldri vere aleine om ei oppgåve, du vil jobbe saman med andre aktivitesleiarar og ulike personar som allereide jobbar i kommunen.  Du vil vera med å sette opp aktivitetar og bidra til at aktivitetane blir gjennomført etter plan, retningslinjene og på ein god måte. Er du ein slik person og kan jobbe med dette i eit godt team? Då håpar me at du søkjer! 

Sommarskulens leiar er Tommy Sansdalen. Ta kontakt med han om du har spørsmål. 

Alle vil trenge politiattest, kurs som er nødvendig vil bli gitt.  
Førarkort kl B er ynskjeleg.
 
Lønn etter gjeldane reglar i hovudtariffavtalen.

Arbeidstider: kl 9-15 mån.-fre. (justerast etter aktivitet). 

For meir informasjon ta kontakt med Tommy Sansdalen i Sommarskulen23 i Seljord:
Telefon 95721872 eller epost:  post@sommarskulen.no
 
Søk på stillinga her

Søknadsfrist: 21. mai 2023