Sommarskulen 23 - ein aktiv sommar!

Takk for i sommar!

Aug 18, 2023 - Tommy Sandsdalen

Takk for i sommar!

Takk for i sommar

Bjørge

Aug 18, 2023 - Tommy Sandsdalen

Bjørge

I går hadde Sommarskulen årets siste dag på Bjørge besøksgard. Hanne Aarlid tek kånn alltid godt imot med godt humør, snille dyr og nydeleg iskrem. Bileta viser kor godt borna trivast der. Me kjem tilbake neste sommar!

«Stillhet»

Aug 17, 2023 - Tommy Sandsdalen

Juryen har komme fram til topp 3 i fotokonkurransen kor temaet var stillheit.
Det var veldig mange flotte bidrag og valget om topp 3 var neimen ikkje så lett.
Alle var bra på kvar sin måte
Sommarskulen takkar for alle bidrag! 

 

«Stillhet»

Rush 23

Aug 16, 2023 - Tommy Sandsdalen

Rush 23

Spretten dag på RUSH i Larvik. 
Full buss og fullt trøkk heile dagen. 

Matglede

Aug 15, 2023 - Tommy Sandsdalen

Matglede

Stor matglede i dag! Borna har vore kjempeflinke og laga gjærbakst og heimlaga syltetøy. Sommarskulen gjekk ned til Nesbukti og servera fersk gjærbakst til bebuaran - veldig koseleg.

Moro på vatnet

Aug 14, 2023 - Tommy Sandsdalen

Moro på vatnet

Megakul dag i kabelparken på Norsjø Ferieland i dag! Heftige svev, knall og fall, og store smil for båe små og store.

Hamaren Aktivitetspark

Aug 11, 2023 - Tommy Sandsdalen

Hamaren Aktivitetspark

Det gjeng gjetord om Hamaren aktivitetspark i Fyresdal langt utafor Telemark, og det er ikkje uten grunn! Sommarskulen hadde ein strålende dag der i dag
Me gjekk i tretoppar, grilla pylsur, klatra i tre, bada og kosa kånn.

Fisketur

Aug 10, 2023 - Tommy Sandsdalen

Fisketur

Triveleg fisketur til Tvitjønnan i dag.
500 kast = 1 fisk. Bjørnar tok den! Me kosa kånn glugg uten mobildekning på Lifjell, og heilt tøpp å vere på tur med ringreven Eilev Bjørge!

Marius Greiner

Aug 10, 2023 - Tommy Sandsdalen

Marius Greiner

Neste bra kar i presentasjonsrunden av aktivitetsleierar på Sommarskulen,
Marius Greiner!
Han meiner det er viktig at borna har det bra og føler seg trygge.
- Jobba på Sommarskulen i 2021 au.

 

Besøk av Barne-og familieminister Kjersti Toppe

Aug 10, 2023 - Seljord kommune

Besøk av Barne-og familieminister Kjersti Toppe

Barne-og familieminister Kjersti Toppe besøkte i dag Seljord kommune. Første stopp var på Århusmoen kor Sommarskulen leika seg med radiostyrte bilar og børning. Kjersti Toppe tok utfordringa og blei med på ein heftig børningrunde med William Bjåland Moen.
LOS Tommy Sandsdalen fortalde om sommarskulen sitt allsidige tilbod kor over 300 barn har vore innom så langt i sommar, og enno er det eit par veker med moro igjen før skulestart.

 

Motorsport

Aug 09, 2023 - Tommy Sandsdalen

Motorsport

Tøff dag hjå Jan-Ivar Moen på Århusmoen i dag. 25 gira born leika seg med radiostyrte bilar, og aktivitetsleieran jobba utrøytteleg med å reparere og lade bilar.

Aktiv på Granvin

Aug 09, 2023 - Tommy Sandsdalen

Aktiv på Granvin

Fysisk utfoldelse på Granvin i dag.
Nesten 40 born var høgt og lågt.
 

Sommarskule er bare moro

Aug 05, 2023 - Tommy Sandsdalen

Sommarskule er bare moro
Glede
Det var ei stor glede å sjå så mange fornøgde born og tenåringar deltok på Sommarskulen i juni! Me som jobbar med Sommarskulen føler kånn privilegerte som leikar med og ikkje minst har gode og morosame samtaler med borna. Eit av mine høgdepunkt frå juni var da eg hadde ein skikkeleg koseleg samtale med ei jente på bussturen på veg heimatt fra klatreparken. Alle som deltek på Sommarskulen er så forskjellige med ulik form kreativitet og nysgjerrigheit i seg. Det å kunne utfalde seg og utforske på varierte aktivitar i barndommen er så viktig! Det å prøve seg på (sunne) aktivitetar ein ikkje har prøva før, gjer at både born og vaksne blir klokare på seg sjølv og står beitre rusta til å ta små og store valg i livet.

Sommarskulen - del 2

Category: Kommune Lokalt Ungdom Ferie

Jun 30, 2023 - Tommy Sandsdalen

Sommarskulen - del 2

Takk for no!
Dei to fyrste vekene på Sommarskulen har vore fantastisk moro!

Full tenning

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jun 30, 2023 - Tommy Sandsdalen

Full tenning

Sommarskulen del 1 blei avslutta i dag med full tenning og paintball i Kyrkjeskogen i Flatdal.

Boksing på Granvin

Category: Idrett Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jun 29, 2023 - Tommy Sandsdalen

Boksing på Granvin

Knallhard dag med boksing på Granvin

Vinnarane av fotokonkurransen

Category: Kultur Ungdom Samfunn Ferie

Jun 29, 2023 - Tommy Sandsdalen

Vinnarane av fotokonkurransen

1. plass, Irmelin Meinstad:
Dette bildet/teksten falt juryen pladask for.

"Katten min er der alltid for meg uansett. Eg er enebarn og eg føler katten min er det nærmaste eg kjem eit søsken. Ho vil alltid være med meg og viss ho ikkje veit kor eg er mjauar ho etter meg. Så er ho så klart morosam å leike med".

Luftig tur til klatreparken

Category: Skole Ungdom Samfunn Friluftsliv

Jun 28, 2023 - Tommy Sandsdalen

Luftig tur til klatreparken

Luftig dag i klatreparken i Bø! 

Fotballglede

Category: Idrett Lokalt Ungdom Ferie

Jun 27, 2023 - Tommy Sandsdalen

Fotballglede

To dagar med fotballglede på Eventyrøy

Fotball er moro

Category: Idrett Lokalt Ferie

Jun 26, 2023 - Tommy Sandsdalen

Fotball er moro

Fotballskulen dag 1 på Eventyrøy var morosam, med nesten 60 gira born. Me fortsett i morgo med boblefotball og god stemning! 

Håvard Eilefstjønn

Jun 24, 2023 - Tommy Sandsdalen

Håvard Eilefstjønn

Glimt i auget! Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Håvard Eilefstjønn, som stemplar inn måndag morgon og blir med Sommarskulen heile neste veke.

Kreative sjeler

Category: Kultur Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jun 23, 2023 - Tommy Sandsdalen

Kreative sjeler

Tusen takk for makalaus gjestevenskap frå Bjørg og Eirin på Eva Bull Holtes Museum i dag.

Moro på landet

Category: Kultur Lokalt Ungdom Ferie

Jun 22, 2023 - Tommy Sandsdalen

Moro på landet

I dag har Sommarskulen med 30 born storkosa seg på Bjørge Gard!

Frilufslivskulen 2023

Category: Lokalt Ungdom Friluftsliv Ferie

Jun 22, 2023 - Anders Slåkvik

Frilufslivskulen 2023

Frå måndag til onsdag var med på Raudkleiv saman med DNT på friluftskule. 

Ohla Korol

Category: Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jun 22, 2023 - Tommy Sandsdalen

Ohla Korol

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Ohla Korol.
Eit bilete kan sei meir enn tusen ord; Ohla er så roleg og snill og sprer tryggleik til borna. 

Tov Hegni

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jun 21, 2023 - Tommy Sandsdalen

Tov Hegni

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Tov Hegni. Her har me ein kar med stort hjerte, godt smil og mykje energi! Aldri sett nokon i bås for Tov elskar også rolege sjakkparti med lange rokader, og han er heller ikkje fremmed for "offerspel". Tov ofrar seg gladeleg så andre heve det bra! 
Det gjeng gjetord frå Sommarskulen i fjor at borna syntes det var såpass stas å henge med Tov at enkelte born prøva å klistre seg på han. Slik atferd trur eg Tov kan like, for han er ekstremt motivert for å jobbe på Sommarskulen i år au.

Åssen trur du at ein god ven vil beskrive deg?
"Eg trur ein god ven vil sei at eg strålar av godhet og omtanke, og at eg alltid er der for å støtte og oppmuntre".

Undertegnede kjenner seg ganske så oppmuntra av å både skrive og henge rundt Tov, så er ikkje detta ein bra kar så veit ikkje eg. 

Tov blir med alle fire vekene på Sommarskulen!

Store ballar på Eventyrøy

Category: Idrett Frivillighet Ungdom

Jun 20, 2023 - Tommy Sandsdalen

Store ballar på Eventyrøy

Tusen takk til Ida, Anbjørg og Jette frå Seljord Frisklivssentral som hadde Kin-ball på Eventyrøy med elevar frå 6.-10. trinn i dag!
Kin-ball er ein veldig inkluderande idrett kor alle er i farta med mykje ballberøringar undervegs, så dette vil me gjere meir!
I dag lærte me at Kin-ball er einaste idretten i verda kor det er tri lag som konkurrerar mot kvarandre om gangen, så det er jo litt tøft å ha prøva.
På slutten av økta fekk alle is av Anbjørg, så mange store smil på eventyrøy i dag

Fotokonkurranse

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jun 20, 2023 - Tommy Sandsdalen

Fotokonkurranse

Tema for fotokonkurranse er «takknemleg».
Kva er du nettopp du takknemleg for? Det kan jo vere så mangt!

Skriv inn nokre ord om tekst/tanke på bildet du leverar inn til post@sommarskulen.no

Fotokonkurransen startar frå i dag, og Sommarskulen publiserar og premierar dei tri beste bilda torsdag 29. juni.

Alle som er påmeldt aktivitetar i løpet av dei to første vekene kan være med i fotokonkurransen.

T-skjorter for 23

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jun 20, 2023 - Tommy Sandsdalen

T-skjorter for 23

Årets t-skjorter har ankommet Sommarskulen. Limegrønn til borna og raude til dei vaksne. Me byrjar å dele ut t-skjorter til borna på Kin-ball i dag. Alle som er påmeldt minst ein aktivitet i sommar får gratis t-skjorte av kånn.

Anders Slåkvik

Category: Ungdom

Jun 19, 2023 - Tommy Sandsdalen

Anders Slåkvik

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Anders Slåkvik. Her snakkar me ein om grepa kar med smilet lett på lur. Kreativ og med haukeblikket påskrudd så alle borna heve det bra og blir ivaretatt.
Nokon ord fra gutten sjølv:
"Gudag! Eg var med på sommarskulen i fjor, og syntast det var utruleg morosamt! Eg likar bading, fotball, sjakk og alt som ikkje er keisamt. Gleder meg til å sjå alle kjende og ukjende att, og bidra til at borna får gode opplevingar i sommar. Det blir artig å ta fatt!"

Åssen trur du at ein god ven vil beskrive deg?
"Hyggeleg, blid og lojal".

Anders bør du bli kjend med for han kan du verkeleg stole på. 
Du må skynde deg, for han blir med dei to fyrste vekene på Sommarskulen!

Fyrste dag i Sommarskulen

Category: Friluftsliv Ferie

Jun 19, 2023 - Tommy Sandsdalen

Fyrste dag i Sommarskulen

Friluftslivgjengen starta dagen oppi Raudkleiv med frisbeegolf, ein super måte å bli kjent på kryss av skuletrinna. Utover dagen har barna ulike DNT-leikar og utforsking av området.
 

Ragnhild Stade

Category: Ungdom

Jun 18, 2023 - Tommy Sandsdalen

Ragnhild Stade

I sommar er det sju ungvaksne aktivitetsleierar på Sommarskulen. 

Først ut i presentasjonsrunden er Ragnhild Stade, ei av heltane til ungane:
"Hei hei! Eg heiter Ragnhild, og skal vera ein av aktivitetsleiarane for sommarskulen 23. Eg ser STORT fram til alle dei morosame aktivitetene me skal gjera og oppleve saman. Eg likar veldig godt å vera aktiv sammen med andre, og er kjempeglad i dyr".

Ragnhild bryr seg mykje om å hjelpe barna med å knytte vennskap, og er opptatt av å inkludere alle barna i leiken.
- Åssen trur du at ein god venn vil beskrive deg?
- "Åpen og snill".

Ragnhild er snill og god, men kan også vere bestemt når det trengst (ja det trengst).
Ho har allereie jobba to år på Sommarskulen, og me er kjempeglade for at ho er med på laget i år au.
Ragnhild blir med alle fire vekene!

Sommarskulen-23

Category: Lokalt Ungdom Samfunn

Sommarskulen-23

Facebook: Sommarskulen´23
Webside: Sommarskulen.no
App: Sommarskulen (23)
E-post: post@sommarskulen.no

 

Fyrste info om sommarskulen sine aktivitetarleggjast ut frå måndag 12. juni fram mottorsdag 15. juni. 

 

Torsdag 15. juni: Opnar påmelding til aktivitetar 19.-23. juni.

 

Meld deg på aktivitetar via app eller sommarskulen.no

Torsdag 22 juni: Opnar påmelding til aktivitetar 26.-30. juni.

 

*Sommarskulen held fram 7.-11. august og 14.-19. august 

(meir info kjem i starten av august)

Tusen takk for 2022

Category: Kommune Lokalt Ungdom Ferie

Aug 16, 2022 - Hans Inge Hagen

Tusen takk for i år! 
Sommarskulen’22 er over. Og det med lyn og torden. Det var til slutt bare det, som klarte å stoppe aktiviteten! 

Det har vøre ein sann glede, å ha hatt med så mange born. Ein skulle ikkje tru at ein kunne få med omlag 245 av borna, frå skulane, på 53 aktkvitetar over 40 dagar. Over 8 veker med nesten 1000 påmeldingar, viser at lokalferie i kommunen, både er populært og liv laga! Det viste seg ikkje å vere ein eingongs-suksess. 

Men, me hadde ikkje klart dette om me ikkje hadde hatt me oss fantastiske ungdommar, som aktivitetsleiarar (Stian, Andres, Thomas, Simon, Ohla, Ragnhild, Tov, Guro og nå siste dag Herman). 

Me hadde ikkje klart dette, om me ikkje hadde hatt utruleg godt samarbeid med Bjørge Besøksgard, Kjetil’s Tur, idrettslaga, turlaget, jakt og fiskelaget, Toyota Seljord, Autostrada, Frivillihetssentralen, Seljord Næringshage, SFO, Sneie, kyrkja og mange andre lokale tilbyderar, støttespelarar og enkelt personar). 

Me håpar at Sommarskulen blir ein del av neste års budsjett og plan. Tusen takk til Seljord kommune, som tør å satse på dette unike tilbodet. For det er unikt. Få andre gjer det som kånn! Det bør me fortsette med! 

Sommarskulen ynskjer alle born og unge ein god start på skuleåret! Oppfør dekkon like fint på skulen, som i Sommarskulen. Då gjeng alt veldig bra! 

Tusen takk for i år!

helsing 

Hans Inge Hagen
Leiar av Sommarskulen 22.

Tusen takk for 2022

3 trer av Sommarskulen’22

Category: Kommune Skole Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 15, 2022 - Hans Inge Hagen

I morgon trer desse 3 fantastiske aktivitetsleiarane av Sommarskulen’22. Guro Gundvaldjord er så ansvarsfull, tillitsfull og dyktig som gjeng ann å få blitt. Tov Hegni er ein ung kar, med fantastisk sjarme og stappfull av energi, som ungane har fått mykje glede av. Ohla Korol (frå Ukraina) er ein superflink, stødig og uthaldane ungdom, som heve vøre med nesten kvar dag, heile sommaren! Desse er Sommarskule-stjerner, som me vil takke for innsatsen i år! Tusen takk! - Hans Inge.

3 trer av Sommarskulen’22

Ragnhild Stade

Category: Kommune Ungdom Samfunn

Aug 12, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommarskule-stjerne Ragnhild Stade, trer av frå Sommarskulen! Ein meir lojal, punktleg og stødig aktivitetsleiar kan ein ikkje ha! Tusen hjartleg takk for jobben du heve gjort, med og for borna i år, som i fjor! Lykke til som student! Deg blir det noko bra ut av! helsing Hans Inge og Sommarskulen’22 i Seljord kommune.

Ragnhild Stade

Gardslivet på Bjørge

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 11, 2022 - Hans Inge Hagen

Då var tida inne for å sei: «Tusen takk for i år, Bjørge Besøksgard» Dette har vøre ein sommar med gardsliv opplevingar av ypperste sort! Så mange, av Sommarskulen born, har gleda seg spesiellt mykje til å kome til dykk, kvar torsdag heile sommaren. Eg er overbevist om at her er det mange som ser for seg bondelivet i framtida, når dei blir store! Tenk å få avslutta besøket med strålande sol og varme, som ein ferie skal ha. Takk også til Ohla, Tov, Guro og Ragnhild for styringa! Hanne, Vemund, Eivind, Gunnhild og Ingebjørg og gjengen er fantastiske!

Gardslivet på Bjørge

«Halve» skulen til Rush

Category: Kultur Skole Frivillighet Ungdom Samfunn Ferie

Aug 10, 2022 - Hans Inge Hagen

«Halve» skulen på tur til Rush Trampolinepark i Larvik i dag. Nesten 80 born og 10-12 vaksne for delt i 2 bussar og 4 bilar, fekk det veldig hektisk med hopp og sprett i dag. Dette er heilt klart eit av høgdepunkta i Sommarskulen og derfor veldig moro å ha med seg så mange. Dette blir det god stemning av og mange høglytte ungar. Allsang i bussen heim er vel da ikkje til å unngå. Tusen takk til sjåførane Kjetil og Hermund, som sto i bråket av høgtskravlande born!!

«Halve» skulen til Rush

Lokalhistorie

Category: Kultur Kommune Historie Lokalt Religion Samfunn

Aug 09, 2022 - Hans Inge Hagen

Lokalhistorie

I dag fekk Sommarskulen omvisning på Seljord kyrkje med Bergit Lisleåsheim Telnes. Utruleg bra med lokalhistorie og gamal gamal kyrkje!! Her er det mange detaljar både inne og ute. Etterpå, reiste me bort til Kunstlåven og jobba med konkurransen. Flott ute på plenen med tappe og fritid! Tusen takk til Bergit for dagen! Takk til Tov, Ohla, Guro og Ragnhild. Dette var ein bra dag.

Verdens lengste «Friminutt»

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Ferie

Aug 08, 2022 - Hans Inge Hagen

Verdens lengste «Friminutt»

Verdens lengste og beste «Friminutt» fekk dei i Sommarskulen i dag! 3 timar med leik, spel og moro på den «nye» skuleplassen. Vollyball, fotball og ikkje minst klatring og det heilt til topps! Tenk å ha det så fint med sol, varme og gode vener!! Takk til Tov, Ohla, Guro og Ragnhild - heltane i Sommarskulen!

Kråkeroe ein varm dag i august

Category: Kultur Frivillighet Historie Lokalt Ungdom Friluftsliv Fjell Ferie

Aug 05, 2022 - Hans Inge Hagen

Kan ein ha det betre, enn på staulen, ein varm fredag i august? Over 20 stk blei med bussen til Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri i dag. For ein flott plass. Ohla, Tov, Guro og Ragnhild styrte gjengen. Det er så moro med glade born og vaksne, når ein er på tur! Betre start på helgi, får ein ikkje. Tusen takk til Sondre og Margit (og resten av stølsfølket) for stell og kjærleik! Håpar me kan reise hit kvart år framover! God helg! (Og husk; d æ’kje ivi fyri d æ ivi!) — her: Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri.

Kråkeroe ein varm dag i august

Sommartid! = ungdomsklubb

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 04, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er veldig moro med «Sommartid!» klubb. Oppunder 30 stk kom for å leike, spela, sjå film og høre på musikk. Ragnhild, Guro, Tov, Ohla og Thomas serverte pizza, brus/saft, punsh og godsaker. 3 timar på kveldstid, frå 18-21, er flott å kunne møtast med vener og kjente, på tvers av trinn og bustad. Tusen takk til Frivillighetssentralen for lån av lokale. Det har vøre heilt supert for kånn i år! Me likar samarbeid! 

Sommartid! = ungdomsklubb

Aktivitet nr 100

Category: Kultur Kommune Skole Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 03, 2022 - Hans Inge Hagen

Me feirar aktivitet nr 100 i Sommarskulen med «Sommartid!» klubb på Frivillighetssentralen. Me er kjempestolte og glade over ein fantasisk deltagelse på Sommarskulen i år, som i fjor. Det er ikkje lett å følge opp suksessen frå året før. Men, nå har me nesten gjort det. 100 aktivitetar, med nesten 2000 påmeldingar, og hundrevis av timar med planlegging og born i aktivitet!

Aktivitet nr 100

Ein dag på museet

Category: Kultur Historie Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 02, 2022 - Hans Inge Hagen

Me er veldig heldige, som har eit så flott museum her i Vest-Telemark. På Eidsborg heve dei fantastiske utstillingar i hovudbygget. Stavkyrkja på Eidsborg er historisk og veldig spanande å sjå og høyre nøyare på. Så har dei, i tillegg til mange bygningar, også ein flott aktivitetspark. Miniatyr av Telemarkskanalen, pil og boke binkar. Arkiologiske graveområder. Og mykje, mykje meir. Me var helsige å få besøke dette anlegget i dag. Kjetils tur kjørte buss med 26 stk. Sommarskulen syns det er veldig viktig og moro å kunne bruke og besøke museet. Dette vil me gjerne gjere meir. I fjor var med på Åmdals Verk gruver. Så, dette er lokalhistorisk glede. 

Ein dag på museet

Matglede

Category: Kultur Ungdom Ferie

Jul 30, 2022 - Hans Inge Hagen

Matglede

Pizza smakar best, når den er ovnsbakt, ute! Og me handla selfølgeleg alt på bui! Denne gjengen avslutta veka i Flatdal skulehage. For ein flott plass å vera! Me storkosa kånn der i dag. Takk til Flatdal skule for lånet! God helg til alle!

Prøv noko nytt

Category: Ungdom Samfunn Ferie

Jul 28, 2022 - Hans Inge Hagen

Prøv noko nytt

Me driv helst på med det me er vand med å gjere. Ein gjer ofte det ein kan og meistrar. Prestere og vise andre kva ein er god på, gjev sjølvtilit og tryggheit. Det er noko godt ved det. Gjere det ein kan. Men, ein bør også gjere det ein vil. Det du vil, uten påvirkning frå din beste ven eller gruppa du er med i.

Det å utfordre deg sjølv til å gjere det ein vil og ynskjer, er ikkje enkelt. Det kan vera flaut eller pinleg å like ting utanom det vanlege. Det er ufatteleg viktig å finne ut av det. Prøve og teste, over eit breit spekter av aktivitetar. Kanskje, likar du å sy, om du er gut. Kanskje, likar du å mekke, om du er jente. Om du er jente eller gut, betyr ikkje så mykje. Det er kva du har lyst til å gjere, som er viktig. Ein dag lagar du kanskje den tøffaste olabuksa. Eller, ein dag har du fiksa den råaste motoren.

I sommarskulen vil me at du skal prøve. Bli med, sjølv om du aldri har gjort det før. Teste det ut. Her er det ingen tabu eller fordommar. Du melder deg på, det du vil. På dei aktivitetane me sett opp, gjer alle det. Derfor, er det lite krangling og stor fokus på det me skal gjere. Du får prøve, uten at nokon ser rart på deg. Matlaging, brettspel, tegning, fotball, turar, museum, leik og moro. Ein stor ask med konfekt! Du vil alltids like noko!

helsing
Hans Inge Hagen
Leiar Sommarskulen'22

Frisbeegolf

Category: Idrett Skole Frivillighet Lokalt Ungdom

Jul 27, 2022 - Hans Inge Hagen

Den fyrste felles frisbeegolfrunden i Raukleiv, gjekk til Sommarskulen sine ungdommar! En sprek gjeng fekk kasta diskar mot dei 6 kørgene me har der. Ohla, Guro, Ragnhild og Tov fekk satt opp bra runde på litt under 1 km lang. Perfekt lengde på ein flott bane. Me håpar fleire tek turen snart!

Frisbeegolf

Sommarhjølpi

Category: Kommune Lokalt Ungdom Samfunn

Jul 27, 2022 - Hans Inge Hagen

Ei bøtte med rips og solbær, er plukka og fryse ned. Takk til Marius, som tok på seg jobben for ein kunde. 2 timar og mange kg. «Somamrhjølpi» tek jobben! Treng du hjølp?  bestilling@sommarskulen.no

Sommarhjølpi

Ny aktivitetsleiarar

Category: Lokalt Ungdom

Jul 23, 2022 - Hans Inge Hagen

Velkomen til tre nye aktivitetsleiarar. Guro Gundvaldjord frå Seljord, Ragnhild Stade frå Flatdal og Tov Hegni frå Flatdal, blir sjefar i siste del av Sommarskulen. Dei jobbar fram til skulestart. Olha frå Ukraina blir også med dei. Dei har allerede fått kurs i livredning, fyrstehjelp og aktivitetsleiar frå samkjøring med dei fyrste aktivitetsleiarane. Det blir mykje moro og eit varierande tilbod framover. Gled dekkon!

Ny aktivitetsleiarar

3 staute karar

Category: Lokalt Ungdom

Jul 22, 2022 - Hans Inge Hagen

og fantastiske aktivitetsleiarar, trer av for i år! Det heve vøre ei sann glede å hatt dekkon i Sommarskulen’22. Simon Brekkan er ein kjernekar, med solid tyngde og nær kontakt med borna. Anders Slåkvik er en dugaleg flott fyr, med stålkontroll og usedvanlege empatiske evner. Stian Hagen er ein strålande kar, med full oversikt og veldig godt lag med alle borna. Desse tre (+ Thomas, som tredde av for litt sidan) er med å skapar det me treng i ein kommune som vår; Nærhet, respekt og glede over å kunne gjere ting på tvers av interesse, alder og bustad! Tusen takk for nå og god sommarferie til dekkon!

3 staute karar

Fotballskulen

Category: Idrett Skole Lokalt Ferie

Jul 20, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er så moro når mange samlast til leik og trening. Fotballskulen vart, i år som i fjor, ein suksess på mange måtar. Fint vær, godt opplegg og mange born gjer det til ein god aktivitet. Me er stolte av alderspranget og trivselen på banen. Mange sparkar fotball til vanleg, men også ein del nye fekk prøva seg. Samarbeidet med Seljord IL Fotball, med familien Myrvang i bresjen, gjev høg kvalitet på opplegget. Det var veldig varmt desse dagane, så då måtte me servere frukt og is for å få kjøla oss ned. Tusen takk for ein flott Fotballskule!

Fotballskulen

Sommartid!

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom

Jul 16, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er uendeleg moro å møtast på klubb!
Stian, Anders og Simon har laga fest på Frivillighetsentralen i kveld.

Over 25 unge ungdommar møtes til speling, film, dans og leik! Pizza og brus. Me kjenner kvarandre litt meir nå! Takk for i kveld og god helg, alle sammen!

Sommartid!

Sommarskulen’22 - t-skjorte

Category: Ungdom

Jul 13, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommarskulen’22 - t-skjorte

Har du fått Sommarskulen sin T-Skjorte for 2022? Om ikkje så gje aktivitetsleiarane beskjed om det, når du er på aktivitet. Eller meld deg på for å få her. Årets farge er lyesblå og me bestiller opp etter behov, slik at me ikkje blir sittande inne med eit stort antall. Me vil gjerne dele ut så mange me kan til elevar frå 1-10 klasse (og vener). Viktig å sjekke størrelse, slik at me fåt bestillt rektig. 

Fyrste år med Skateskule

Category: Idrett Kultur Frivillighet Lokalt Ungdom Ferie

Jul 12, 2022 - Hans Inge Hagen

Me introduserte Skateskulen i år. Heldigvis fekk med Skateguruane Per og Rune frå Oslo til å trene dei. Me hadde 14 ungar med og dei fekk øva og lært seg mange triks og teknikkar. Rampa, som også er Per er involvert i, ligg på det fantastiske området på banen midt i bygdi. Der er det også fotballbane, tennisbane, vollyballbane og badeplass i tillegg til Skaterampa og sykkelbane. Eit flott annlegg Fladal IL har bygd og driftar. Den 2 dagar lange Skateskulen vart avslutta med grilla hamburgerar, sponsa av Nutheim Gjestgiveri. Me håpar dette er starten på ein flott årleg Skateskule. Tusen takk til alle som deltok. 

Fyrste år med Skateskule

Thomas trer av.

Category: Ungdom

Jul 08, 2022 - Hans Inge Hagen

Den super aktivitetsleiaren Thomas Kluskens Liane trer av. Me ynskjer Thomas god ferie vidare og er så stolte over å ha hatt deg på laget! Simon Brekkan tek over for han og er med fram til pulje 2 trer i kraft.

Thomas trer av.

Gardsliv på Bjørge

Category: Kultur Lokalt Samfunn

Jul 07, 2022 - Hans Inge Hagen

Bjørge besøksgard med aktivitetsleiarane, Anders og Rolf, tok i mot 36 born på Sommarskulen i dag. Gardslivet er interesant og kanskje ligg det ein heil del bondesjeler i desse tøffingane. Dyrestell, gratis is eller slush og ridning er utruleg populært. Tusen takk for i dag! (Bilde: Anders er happy og glad for å ha snille ungar i aktivitet)

Gardsliv på Bjørge

Vanvittig moro

Category: Frivillighet Ungdom

Jul 07, 2022 - Hans Inge Hagen

Full guffe, for dei eldste, i Nordsjø Kabelpark. Stian, Thomas, Veronica og Sveinung fekk vera med 20 ungdommar på tur i dag. Kjetil kjørte bussen og soli skinte bra! Det er så moro å ha slike aktivitetar, som er utanom det vanlege. Meistring, samhold og vanvittig moro er noko av det beste me kan oppleve. Dei som ikkje fekk vera med denne gongen, blir med neste gong om dei vil. 

Totalt, på begge aktivitetane, hadde me 60-70 born og ungdom (og ei par, tre vaksne), i aktivitet i dag. Det følest ut som det var alle på skulen. Dette likar me godt! I morgon bør dykk vera med til Kjos!!

Vanvittig moro

Fisketur

Category: Friluftsliv Jakt og fiske Fjell

Jul 05, 2022 - Hans Inge Hagen

Fisketur til Tvitjønnan på Lifjell saman med Seljord jakt- og fiskelag. Eilev Bjørge følgte oss opp og gav ut fiskeskrin til alle 13 deltakarane. Å fiske er kjempemoro, spesielt når ein får fisk. Og det fekk nesten alle sammen. Denne gjengen, av jenter og gutar, fekk seg ein flott dag på fjellet. 14c og delvis overskya er vel perfekt fiskevér? Seljord jakt- og fiskelag

Fisketur

Leik og moro heile sommaren

Category: Samfunn Ferie

Jul 03, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er veldig moro å sjå alle som heve kome seg inn i feriemodus. Både i Sommarskulen, privat og i andre aktivitetstilbod. Det er det me vil. Me vil ha born og ungdom inn i eit modus, der dei kosar seg og har fri. Der dei kan bli med på akkurat dei tinga dei ynskjer. Saman me vener, familie og kanskje treffe nye folk. Mange gonger er det ikkje så viktig med eit fullpakka program. Det kan vera like moro å samlast bare for å leike og kose seg. Me vil spele på lag med borna. Me vil sjå at dei kosar seg. At dei respekterar kvarandre og gjere ting i felleskap. Det styrker samhaldet og viskar vekk utanforskap. 

Sommarskulen er ikkje bare viktig for å ha ein «plass å henge». Det er viktig i tider med store endringar i økonomien. Høge straumprisar, drivstoffprisar, auke her og der. Sommarskulen er gratis og veldig inkluderande. Me treng dette tilbodet for å stresse ned og for å føle seg trygg på at borna vil få ein fabelaktig sommar, nå som me har ferie. 

Sommarskulen er ikkje skule, slik me kjenner ordet. Det er ein aktivitetsarena for alle trinn i skulane i kommunen. Me kan legge vekk stress og press til å prestere og me kan yte etter evne og lyst. Orkar me ikkje ein dag, så orkar me kanskje ein annan dag. Vil me, så melder me oss på. Fritt valg! Sommarskulen er heldig, som har så flott ein gjeng å ta i mot, kvar dag, heile sommaren. 

 

God sommar!  Ser dykk, når det passar!

Hans Inge Hagen
Leiar for Sommarskulen’22 
i Seljord kommune

 

Leik og moro heile sommaren

Bil nr 2 i Sommarskulen

Category: Kommune Frivillighet Friluftsliv

Jun 30, 2022 - Hans Inge Hagen

Me er veldig heldige som får så mykje velvilje og støtter her i kommunen. Bil nr 2 er ein 3-seters varebil frå Terje og Autostrada i Seljord. Dette gjer at me kan ha med oss alt utstyret og leikene me brukar på aktivitetane. Tusen hjartleg takk! 

Bil nr 2 i Sommarskulen

Sommar og sol

Category: Ungdom Friluftsliv

Jun 30, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommaren ser ut til å bli varm og flott. Då er det godt me kan bade mykje. Alle aktivitetsleiarane har både livrednkngskurs, fyrstehjelpskurs og aktivitetskurs før det startar jobben sin i Sommarskulen. Og det må me ha om me skal kunne få leike ved vannkanten eller bade. Me har også med utstyr for å auke sikkerheten. Me har eit stort SUP brett, som me kan flyte på og me har fyrstehjelpsskrin om små skader oppstår. Så me er forberedt om noko skulle skje. Me kan ha med oss 15 born per vaksen, så er me 3 aktivitetsleiarar, så kan me maks ha med 45 born. Ofte er det også foreldre med. Dei kan me aktivisere i tillegg. Sommaren blir deilig!! 

Sommar og sol

Sommarskulebil nr 1

Category: Kultur Samfunn

Jun 24, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommarskulebil nr 1

Planlegging og organisering av Sommarskulen'22 er ein kabal med tusen kort, som må leggast korrekt for å få den til å gå opp. Då er me avhengige av goodwill og snille hjelperar i privatfolk og bedrifter. Me er så heldige å ha slike her i kommunen. Toyota Seljord låner bort ein ny Prius til oss i hele 2 mnd uten å kreve noko tilbake. Dette forenklar aktivitetskvardagen, slik at me kjem oss på jobb og slik at me kan vera fleksible i forhold til henting og levering av born (uten å vera Taxi). Tusen takk!

Friluftsskulen 2022

Category: Frivillighet Friluftsliv Fjell

Jun 21, 2022 - Kelly Westrik

Friluftsskulen 2022

I dag var me (8+3 stk) på fisketur til Kroktjønn. Me starta dagen med ball-leik for å bli kjent med kvarandre og lære navn. Etter ball-leiken gjekk me opp til Kroktjønn. Undervegs lærte me å sjå på kartet kvar me var og kvar me gjekk.

Livredningskurs

Jun 13, 2022

Livredningskurs

Iskalde, men veldig dyktige aktivitetsleiarar, kan nå ta me seg Sommarskulen på bading.

Tusen takk

Category: Idrett Kultur Undervisning Kommune Skole Frivillighet Næring Utvikling Historie Lokalt Ungdom Religion Samfunn Friluftsliv Jakt og fiske Fjell Ferie

Aug 17, 2021 - Hans Inge Hagen

Sommarskulen’21 har hatt sin siste dag.

Tusen takk

Moro med handverk

Category: Kultur Undervisning Kommune Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 16, 2021 - Hans Inge Hagen

Moro med handverk

Den nest siste aktiviteten i Sommarskulen ‘21, var me så heldige å tilbringe i Svartdal på Telespinn.

Sommartid! ungdomsklubb i Dojoen

Category: Kultur Kommune Skole Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 15, 2021 - Hans Inge Hagen

Sommartid! ungdomsklubb i Dojoen

Ein lang dag var avslutta i Dojoen med Stian Norwall-Nielsen på Sommartid! ungdomsklubb.

Rush

Category: Kommune Frivillighet Samfunn Ferie

Aug 13, 2021 - Hans Inge Hagen

Rush

I dag har Karsten, Thomas og Ragnhild tatt med 48 spente born til Larvik og hoppet på Rush.

Moro oppe i trea

Category: Idrett Kultur Skole Frivillighet Lokalt Samfunn Friluftsliv Ferie

Aug 11, 2021 - Hans Inge Hagen

Moro oppe i trea

Med 32 + 8 klatremus i Klatreparken i Bø, må det ha vøre mange som fekk utfordra høgeskrekken sin i dag.

Innsats for andre

Category: Kultur Kommune Frivillighet Lokalt Samfunn Ferie

Aug 10, 2021 - Hans Inge Hagen

I dag har Liv, Mari og Helene vøre på Nesbukti og besøkt bebuarane. 

Innsats for andre

Racing med fjernstyring

Category: Kultur Kommune Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 10, 2021 - Hans Inge Hagen

Racing er vanvittig moro. Spesielt, når ein kan fjernstyre bilane sjølv.

Racing med fjernstyring

Plantefarging

Category: Kultur Lokalt Samfunn Ferie

Aug 10, 2021 - Hans Inge Hagen

For ein flott og travel dag i Solvik. Plantefarging av garn og husflid er veldig moro.

Plantefarging

Fullt på sekundar

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 07, 2021 - Hans Inge Hagen

Nå aktivitetane er så morosame at dei blir fullbooka på sekundar, så ..

Fullt på sekundar

Staulen lengst nord

Category: Kultur Kommune Næring Historie Lokalt Friluftsliv Fjell Ferie

Aug 06, 2021 - Hans Inge Hagen

Staulen lengst nord

«Kråkeroe» - staulen lengst nord. Me var der med 31 stk på bussen til Kjetil. For ein fantastisk plass å koma til.

Bakom aktivitetane

Category: Idrett Kultur Kommune Skole Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Friluftsliv Jakt og fiske Ferie

Aug 05, 2021 - Hans Inge Hagen

Utanom aktivitetane, som har kjernetid mellom 11-14, så jobbar me intenst med å forberede og planlegge aktivitetane fleire veker i framkant. 

Bakom aktivitetane

Tvekamp i Flatdal

Category: Kultur Lokalt Ungdom Ferie

Aug 04, 2021 - Hans Inge Hagen

«Tvekamp» i Flatdal blei nesten ein ekte «Farmen» tvekamp.

Tvekamp i Flatdal

Åmdals Verk gruver

Category: Historie Lokalt Ungdom Ferie

Aug 02, 2021 - Hans Inge Hagen

Åmdals Verk gruver i dag. Ein stor gjeng på over 30 drog med "Kjetils Tur"-bussen til Verket. Der blei me møtt av den fantastiske og energiske Unni Bendiksen og syster Berit.

Åmdals Verk gruver

Evigvarande minne!

Category: Idrett Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jul 30, 2021 - Hans Inge Hagen

Det å koma seg på sommarskulen er ofte eit samarbeid mellom borna og dei foresette.

Evigvarande minne!

Dei 3 Bukkane Bruse

Category: Lokalt Ferie

Jul 29, 2021 - Hans Inge Hagen

Dei 3 Bukkane Bruse

Dei tri Bukkane Bruse fekk besøk av 19 småbøndar på Besøksgarden Bjørge i dag.

Skulefri i Kyrkjeskogen

Category: Kultur Lokalt Friluftsliv Ferie

Jul 28, 2021 - Hans Inge Hagen

Skulefri i Kyrkjeskogen

«Skulefri» i Kyrkjeskogen med 11 tøffingar. Sjølv i regnvér, er det ingen problem å finne på morosame ting ute

Piler og bogar på Granvin

Category: Kultur Frivillighet Lokalt Ungdom Ferie

Jul 27, 2021 - Hans Inge Hagen

Full fart på Granvin i dag, med nesten 30 pil og bogar i sving.

Piler og bogar på Granvin

Mat på programmet

Category: Kultur Skole Ferie

Jul 27, 2021 - Hans Inge Hagen

Det er veldig moro å lage mat. På skulekjøkkenet, står Nora Nordstoga og jobbar. 

Mat på programmet

Kreativ skaparglede på Sneie

Category: Kultur Kommune Ferie

Jul 27, 2021 - Hans Inge Hagen

«Kreativ Glede» 26. juli på Sneie og Eva Bull Holtes Museum i dag. 11 fantasifulle ungar fekk dyrka sine evner i dag.

Kreativ skaparglede på Sneie

Action i Kabelparken

Category: Idrett Ferie

Jul 23, 2021 - Hans Inge Hagen

Action i Kabelparken

Fredag var ein gjeng på 20 elevar og 5 aktivitetleiarar i Norsjø Kabelpark og deiv med vannsport. 

Friidrettskulen i gang

Category: Idrett Skole Ferie

Jul 21, 2021 - Hans Inge Hagen

Friidrettskulen i gang

Så var Friidrettskulen i gang. I dag trena Herman Hogstad Sveinsson, Leah Prestholt Lorne, Martine, Emma og Ingrid 18 spreke ungar i løp, hopp og kast.

Nye Aktivitetsleiarar fra i 19. juli

Category: Lokalt Ungdom

Jul 19, 2021 - Hans Inge Hagen

I dag starta det 3 nye Aktivitetsleiarar på sommarjobb i Sommarskulen'21 i Seljord kommune.

Nye Aktivitetsleiarar fra i 19. juli

Gutta trer av

Category: Undervisning Skole Lokalt Ungdom Ferie

Jul 17, 2021 - Hans Inge Hagen

Marius Greiner, Stian Hagen og Simon Brekkan trer av Sommarskulen for denne gong. Det har vøre eit fantastisk godt og hardtarbeidande trekløver.

Gutta trer av

På veg til Dansarsalen

Category: Kultur Lokalt Ferie

Jul 17, 2021 - Hans Inge Hagen

På veg til Dansarsalen

«På veg til Dansarsalen» vart ein utruleg flott musikalsk opplevense, langs stien i skogen.

Moro på gard

Category: Lokalt Ferie

Jul 13, 2021 - Hans Inge Hagen

Moro på gard

Kvar torsdag, fram til skulestart, besøker med Besøksgarden Bjørge. Der kan me stelle dyr og snakke med dei.

3 dagars Fotballskule

Category: Idrett Lokalt Ferie

Jul 12, 2021 - Hans Inge Hagen

I samarbeid med Seljord IL Fotball lagar me til 3-dagars fotballskule for elevar i kommunen (inkl. besøkande med relasjon til Seljord). 

3 dagars Fotballskule

Vener for livet!

Category: Skole Lokalt Ungdom Ferie

Jul 09, 2021 - Hans Inge Hagen

Vener for livet!

Sommarskulen handlar hovedsakleg om å skape minner for livet!

Sommarhjølpi i gang

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jul 02, 2021

Nå har me fått sommarhjølpi i gang og oppdraga strøymer inn. I dag var 4 elevar ute å tente pengar. 2 stk vaska bilane til Sommarskulen og tente 160,- kvar. Mens, 2 stk var på oppdrag i hagen til ein kunde og drog inn 240,- kvar. Det blir pengar i kassa av slikt! Fleire oppdrag på gang og dei som ikkje fekk i dag, får ein annan dag. 

Sommarhjølpi i gang

Eigene Sommarskulebilar

Category: Ferie

Jun 29, 2021

Eigene Sommarskulebilar

Sommarskulen har fått lånt to bilar av Toyota Seljord i sommar!

Gult er kult!

Category: Kommune Skole Lokalt Ferie

Jun 24, 2021

Gult er kult!

I sommar er gult veldig kult! Det er Sommarskulens farge, akkurat som i sjøormen i kommunevåpenet. Alle som er med i Sommarskulen skal få kvar sin. Du far den på aktiviteten din og vil da bruke den på alt du er med på.

Bjørge besøksgard, Seljord

Category: Lokalt Ferie

Jun 14, 2021

Bjørge besøksgard, Seljord

Bjørge Besøksgard ligg sentralt i Seljord ved foten av Bjørgefjell. Open besøksgard om sommaren, eit mangfold av dyr, produksjon av iskrem og overnatting.

Ledige stillingar / ferdig

Category: Kommune

Jun 01, 2021 - Hans Inge Hagen

Ledige stillingar / ferdig

Sommarjobb som Aktivitetsleiar
i Sommarskulen-21 i Seljord har ansatt 6 personar.

Me er på jakt etter ansvarsfulle og motiverte, lokale ungdomar mellom 17-25 år, som kan jobbe med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren.

Konkurransar

Category: Kultur

Konkurransar

I sommar kan du bli med på ulike konkurransar innan kunst, kultur og handverk. 

Seljord Jakt og Fiskelag

Category: Friluftsliv Jakt og fiske Fjell

May 22, 2021

Seljord Jakt og Fiskelag

Likar du å fiske eller jakte, så vil SJFL arrangere ein eller fleire turar i sommer. Følg med.

Seljord Turlag

Category: Friluftsliv

May 22, 2021

Seljord Turlag

Me i Seljord Turlag har sommarskule for barn den fyrste veka i sommarferien. Bli med på dette oppe i Raudkleiv. Kjempemoro. Telemark turistforening DNT kjem med mange instruktørar.

Allidretten i Seljord idrettslag

Category: Idrett

May 22, 2021

Allidretten i Seljord idrettslag

Allidretten i Seljord idrettslag tilbyr vaiert aktivitet i heile sommar og så ofte det lar seg gjere. Det vil bli dans, klatring, natursti, orientering og mykje mykje meir.