Friluftsskulen 2022

Category: Frivillighet Friluftsliv Fjell

Jun 21, 2022 at 09:02 pm - Kelly Westrik


Friluftsskulen 2022

I dag var me (8+3 stk) på fisketur til Kroktjønn. Me starta dagen med ball-leik for å bli kjent med kvarandre og lære navn. Etter ball-leiken gjekk me opp til Kroktjønn. Undervegs lærte me å sjå på kartet kvar me var og kvar me gjekk.

Så fant me vegen til Kroktjønn. Me leita etter ein god stad for å fiske. Etter at me fant den, var alle barna veldig ivrige, for å starte å fiske. De fleste barna fekk fisk (eller trær eller stein). 6-7 fisk er moro å få på tur. Nye venskap ble knytta og direkte etter turen skulle dei leke, att sammen (på nettet da). I morgon skal me lære oss å bruke kompass på topptur til Årnotra. Det blir deilig vær i morgon, så me skal også finne ein stad for å bade! Fortsatt ledige plasser, så bli gjerne med hvis du synes det er moro! Helsing fra turleiar Kelly.