3 dagars Fotballskule

Category: Idrett Lokalt Ferie

Jul 12, 2021 at 03:36 pm - Hans Inge Hagen


3 dagars Fotballskule

I samarbeid med Seljord IL Fotball lagar me til 3-dagars fotballskule for elevar i kommunen (inkl. besøkande med relasjon til Seljord). 

Merete og Anette Myrvang er supre trenarar, som har eit flott opplegg for dagane. Det blir delt opp i små-jente/gut og stor-jente/gut grupper, slik at du får spele med dine vener. Det er øvelsar for å auke ferdigheten og forståelsen for fotball. I pausene blir det servert gratis frukt og is til alle. Alle får også t-skjorte frå Sommarskulen. Fotball er moro, sjølv i varmen! Spredaren står på for å kjøle kånn ned.