Skulefri i Kyrkjeskogen

Category: Kultur Lokalt Friluftsliv Ferie

Jul 28, 2021 at 03:43 pm - Hans Inge Hagen


Skulefri i Kyrkjeskogen

«Skulefri» i Kyrkjeskogen med 11 tøffingar. Sjølv i regnvér, er det ingen problem å finne på morosame ting ute

I dag var me ved den nye flotte gapahuken i Kyrkjeskogen i Flatdal og dreiv på. Me bruka metalldetektor og fant fleire ting i bakken: ståltrå, sølvpapir, grillspyd og meir som ikkje skulle vera der. Altså, eit slag for miljøet med rydding. Så gjekk me på line mellom trea, leika og åt niste, inne i gapahuken. Super flotte born som ikkje lat seg stoppe av véret. Hans Inge og Rolf var med. Terje stakk også innom. Tusen takk for rin flott dag!