Ohla Korol

Category: Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jun 22, 2023 at 11:05 am - Tommy Sandsdalen


Ohla Korol

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Ohla Korol.
Eit bilete kan sei meir enn tusen ord; Ohla er så roleg og snill og sprer tryggleik til borna. 

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Ohla Korol.
Eit bilete kan sei meir enn tusen ord; Ohla er så roleg og snill og sprer tryggleik til borna. 

Ohla kjem fra Ukraina og jobba på Sommarskulen i fjor, og me er veldig glade for at ho er med på laget kåns i år au! Det er moro å høyre kor bra Ohla snakkar norsk, sida ho kun har budd i Seljord sida våren 2022

Ohla er ekstremt dyktig til å teikne, så dei som skal vere med på "kreativ glede" kan glede seg til å plukke opp tips frå Ohla. Ellers er ho glad i friluftsliv og folkedans. 

Åssen trur du ein god ven vil beskrive deg?
"Eg trur ein god ven vil beskrive meg som roleg, snill og kreativ".
Dei andre aktivitetsleieran stemmer "JA" i kor når dei høyrer Ohla svarar audmjukt. 

Ohla blir med på Sommarskulen heile denne veka og nokre dagar neste veke!
Ho sitt blant anna i juryen til fotokonkurransen kåns, kor temaet er "takknemleg".