Robin Hood x10

Category: Idrett Frivillighet Lokalt Ungdom Jakt og fiske Ferie

Jul 05, 2024 at 06:23 pm - Tommy Sandsdalen


Robin Hood x10

Makalaus bra bogeskyting i Raudkleiv. Her blei borna i Seljord introdusera for ein ny aktivitet, og det var lett å sjå at dette gav meirsmak! Grenland Bueskyttere stilte opp med heile fire dyktige instruktørar, blant anna Tonje Bakken som er oppvaksen i Seljord. Kanskje dette er starten på eit bogeskyting-miljø i Seljord? Grenland Bueskyttere er behjelpelege med å dytte kånn videre i framtida
Arbeidslivsfag på ungdomsskulen har laga dei solide stilasa me bruka i dag, og dei står planta oppi Raudkleiv til bruk i framtida. Bogeskyting krevjar fokus og tolmod, og er veldig morosamt!

God gjeng
På blink
Full konsentrasjon