Fyrste dag i Sommarskulen

Category: Friluftsliv Ferie

Jun 19, 2023 at 10:17 pm - Tommy Sandsdalen


Fyrste dag i Sommarskulen

Friluftslivgjengen starta dagen oppi Raudkleiv med frisbeegolf, ein super måte å bli kjent på kryss av skuletrinna. Utover dagen har barna ulike DNT-leikar og utforsking av området.
 

I morgo blir det fisking oppi Havretjønn. Sommarskulen tek med seks fiskestengar i morgo tidleg med spinnar/sluk til dei som ikkje har sjølv. Det meldast noko regn så regntøy er gruleg kjekt tysdag og onsdag. 

Me rundar av ca kl. 14.45 oppi Raudkleiv kvør dag. Foreldre må bidra/samarbeide med henting oppi Raudkleiv. Sommarskulen har to bilar som køyrer barna ned til ungdomsskulen, og køyrer fleire turar ved behov 

Ps: Alle møter opp på parkeringsplass ved ungdomsskulen om morgon kl. 08.30-08.45 tysdag og onsdag, sjølv om dekkon har fått mail fra DNT om oppmøte på Raukleiv.