Anders Slåkvik

Category: Ungdom

Jun 19, 2023 at 10:20 pm - Tommy Sandsdalen


Anders Slåkvik

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Anders Slåkvik. Her snakkar me ein om grepa kar med smilet lett på lur. Kreativ og med haukeblikket påskrudd så alle borna heve det bra og blir ivaretatt.
Nokon ord fra gutten sjølv:
"Gudag! Eg var med på sommarskulen i fjor, og syntast det var utruleg morosamt! Eg likar bading, fotball, sjakk og alt som ikkje er keisamt. Gleder meg til å sjå alle kjende og ukjende att, og bidra til at borna får gode opplevingar i sommar. Det blir artig å ta fatt!"

Åssen trur du at ein god ven vil beskrive deg?
"Hyggeleg, blid og lojal".

Anders bør du bli kjend med for han kan du verkeleg stole på. 
Du må skynde deg, for han blir med dei to fyrste vekene på Sommarskulen!