Gutta trer av

Category: Undervisning Skole Lokalt Ungdom Ferie

Jul 17, 2021 at 10:41 am - Hans Inge Hagen


Gutta trer av

Marius Greiner, Stian Hagen og Simon Brekkan trer av Sommarskulen for denne gong. Det har vøre eit fantastisk godt og hardtarbeidande trekløver.

Dei har ein heilt utruleg god kjemi med ungane våre. Alt frå leiking til trøsting til påvirkning for å få dei med. Mange og lange dagar, i for det meste sol og varme, har det blitt. Styring av Sommarhjølpi med eit oppbyggande antall bestillingar og arbeidssøkande elevar. Dei har kjørt og henta elevar både i Åmotsdal, Flatdal og Seljord. Eg trur desse karane har blitt små kjentisar blandt dei unge her nå. Tusen takk for insatsen. Den har vøre upåklageleg! Lykke til med skule og utdanning ! Det blir skikkelege følk av dekkon!!